tirsdag 5. april 2011

Facebook - heile tida?

Facebook er med i klasserommet enten vi likar det eller ikkje. Så lenge elevane har tilgang til nettverk enten via datamskiner eller mobiltelefoner. For oss som er lærarar er problemet at det tek vekk oppmerksomheita fra fagene - så kva skal vi gjere for å unngå dette.

Mange forelsår å stenge facebook tilgangen fra nettverket, men dette har nok liten eller ingen betydning for blir tilgangen stengt til et nettsted så finn elevane kjapt ein måte å gå rundt på. Enten ved å bruke andre nettverk eller andre innganger (jada det finnast meir enn ein måte å komme på facebook på!)

Alternativ to er å stenge nettverket fysisk - og det kan nok virke - ei stund - for elevane har fortsatt mobiltelefonar, nokon har datamaskiner med mobilt nettverk og har ein nettverk så kan han/ho dele med andre.

Alternativ tre - legg vekk datamaskinen. Dette virker - for ei stund. I mange fag skal jo nettopp datamaskina vere verktøyet - dei skal lære å bruke dei ulike verktøya på datamaskina og må nødvendigvis bruke nettopp datamaskina for at opplæringa skal bli nyttig.

Då gjenstår det som eg trur er det springande punkt når det gjeld databruk generelt i skulen. Vi må inn med systematisk opplæring i personvern, etikk, moral og haldningar. Eg trur at på sikt så må dette inn som ein del av almenndanninga og kanskje til og med som eige fag. Om faget bør ligge til ungdomsskulen eller til vidaregåande - eller begge deler - det har eg ikkje teke standpunkt til. Tenker at det er litt viktig at elevane er litt store når dei får dette faget slik at dei kan resonnerer og ta inn over seg kva konsekvensar ulike haldningar har kan ha for framtida deira.

mandag 4. april 2011

Bruk av blogg som ein del av dokumentasjonen i prosjekt til fordjuping

Eit av måla i faget prosjekt til fordjuping på yrkesfaglege utdanningsprogram er dokumentasjon. Elevane skal dokumentere kva som vert gjort i løpet av året i faget. Dette kan gjerast på mange ulike måtar. Ein av dei kan vere blog.

Vi har inneverande år brukt blog som ein del av dokumentasjonen - både det at elevane skal lære seg å bruke blogverktøyet - tilpasse malar, legge ut ulike typar innhald (tekst, bilder, video) og gjere bruk av t.d. kommentarfunksjonen.

Vi har latt elevane sjølve få velge om dei vil bruk blogg.no eller blogspot.com. Då har alle elvan valgt det norske alternativet. Sidan alle elevane vel samme verktøy så er det greit sjølv om eg foretrekk å bruke blogspot. Uansett så har elevane no ein dokumentasjon som dei enkelt kan vise for ein framtidig arbdeidsgjevar.

onsdag 30. mars 2011

Bildebruk





Vær oppmerksom på kva slags bilder du bruker og om du har lov til å bruke dei. Du kan fritt bruke bilder du har teke sjølv, men dersom det er bilder av andre personer bør desse gi tillatelse til at du publiserer bildet.

Kurs i sosiale medier

Nettverket for service og samferdsel har hatt eit todagers kurs om bruk av sosiale medier i skulen og næringslivet. Vi har sett på bruk av facebook, twitter, del og bruk og blogg.

Foredragshaldarar har vore Kjell Antvort, Kristian Fuglset, Torbjørn Frantsen, Erling Sivertsen